mandag 12. mars 2012

Årsmøte i Sogn og Fjordane Ap

I helga har eg vore på årsmøte i Sogn og Fjordane Ap. Og det er alltid kjekt.  Det er ingen tvil om at årsmøtet vårt er det største og viktigaste politiske verkstaden i fylket.  I år fekk vi også besøk av næringsminister Trond  Giske, kan aboslutt slå fast han han innfridde forventningane. Det var reine leksjonen i sosialdemokratisk politikk;) Helga har bestått på kjekke folk, gode diskusjonar og debattar, mykje latter og glede. Men det har også blitt nokre tårer, over dei vi minnast,  og over gode og rørande innlegg.

Eg sat ilag med gjestane ved sidan av Torbjørn. Han vært fulgt av dansk TV2 som skal lage ein dokumentar. Eg rekne då også meg at eg kjem på TV som den linselusa eg er;) Eg lika forresten å sitte ved sida av Torbjørn. Det gjer vi på fylkestinget og.
Vi utnevnte også oss sjølv som heiagjeng for alle dei flinke AUF ` arane som var på talarstolen. Aldri før har det vel vore så mange AUF ` arar på årsmøtet før , og aldri før har det vore så mange og så gode innlegg. Eg skal innrømme at eg er litt sentimental av meg, og stort sett satt å tuta på bakerste benk. Eit av dei innlegga som gjorde størst inntrykk på meg var Torstein Dolve sitt. Det var så ærlig og rett frå sjela at det var umulig å ikkje bli rørt. Om du leser innlegget hans her så skjønar du nok kva eg snakkar om:

Også Maria Hovland Faye fekk meg til å felle ei tåre eller to. Det er eit utrulig godt poeng at kvar dag ikkje skal være som ein tur med Lars Monsen for dei som treng litt tilrettelegging for å kunne gjere kvardagslege ting:


I Flora AP sin delegasjon hadde AUF 7 av utsendingane. 6 av dei var på talarstolen. Resten av innlegga deira er også lagt ut på http://flora.arbeiderparti.no
I fjor på årsmøtet var eg ordstyrar, og det var ein heilt annleis oppleving enn årets årsmøte. Når ein har ei så viktig oppgåve må ein heile tida være fokusert på den jobben ein skal gjere. I år fekk eg oppleve årsmøtet på ein anna måte som gjest. Eg har virkelig kosa meg, både under årsmøtet og på årsmøtefesten!
Sjølvsagt måtte eg og Ann Kristin ta bilde ilag med Trond. Vidar Ulriksen var fotograf.





søndag 12. februar 2012

"billige politiske poeng"- eit tydeleg hinder for samarbeid?

Ein kan vel slå fast at samarbeidsklimaet mellom posisjon og opposisjon i bystyret i Flora Kommune kunne vore betre. Og det er det nok mange grunnar til.  Vi ( eg og Ann Kristin) hadde i det høve sendt inn ein interpellasjon til ordførar og utfordra han på å korleis han ville betre samarbeidsklimaet og arbeidstilhøvet i bystyret. Han svarte for så vidt godt han. Men det er ofte sånn at om ein seier noke, for så å vise i praksis noke heilt anna så vert det ikkje heilt truverdig. No hadde eg for så vidt ikkje så store forhåpningar, men tida vil vise om det i det heile tatt kom noke ut av det.
Klart det kan være ein fordel om samarbeidsklimaet er godt, og det går sjølvsagt begge veier. Men for meg er avgjerande viktig å kjempe for Ap sin politikk , stå for dei sakene vi har gått til val på og å markere skillet mellom oss og posisjonen. 
Ein av dei sakene eg brenn for er barn og unge. Kvifor kunne eg sikkert brukt mange timar på å forklare, men om eg skal gjere det kort kan eg bruke følgande setning: «Barn og Unge er ein liten del av befolkninga, men 100 % av framtida»! Når vi veit det blir stadig fleire eldre tenker nok mange at det er der vi må ha fokus. Men når det samtidig vert færre vaksne i arbeidsdyktig alder som skal ta seg av stadig fleire eldre er det viktig at vi set dei i stand til å ta å seg denne viktige oppgåva. Og der kjem folkehelseperspektivet inn. For å følgje opp helseplan del 1 som det førre bystyret vedtok, skulle vi i torsdagens møte i bystyret vedta å opprette eit folkehelseråd.

Dette er ei positiv sak for Flora Kommune, og det viser også at vi tek vårt ansvar med tanke på at ansvaret for folkehelse no ligg til kommunane i si heilhet. Det er sjølvsagt heilt naturleg, som det stod i saka,  at det nyoppretta folkehelserådet følger opp aktuelle satsingsområder i  helseplan del 1 som i stor grad har fokus på eldre.  Men AP meiner også det er viktig å ha eit større fokus på barn og unge si helse.  Det er ved tidleg innsats ein har moglegheit til å legge grunnlaget for ei god helse heile livet.
 Vi tok difor opp igjen vårt forslag frå HSU som blei nedstemt om at folkehelserådet også skulle ha eit spesielt fokus på barn og unge si fysiske og psykiske helse.  I Firdaposten kan ein lese at det vart krangel om denne saka, og at det spesielt var eg og Jacob Nødseth som kjempa mot kvarandre. Likevel vart nok ikkje saka heilt riktig framstilt frå avisa si side.   Det handla ikkje om ein instruks, men om politiske signal til kva vi meiner er viktige område å arbeide med. Det var eit av punkta i framlegget vi var einige om, at folkehelserådet skulle arbeider ut frå måla i helseplanen, bestillingar frå politisk utval og dei sakene som dei sjølv finn høveleg.
Vi var altså heilt einige om alle punkta, unnateke det politiske signalet som Ap ville ha med om fokus på barn og unge. Venstre var tydelege på at dei ikkje ville prioritere barn og unge i denne saka, og når Høgres Jacob Nødseth ville gjere kva som helst for å «ikkje gje AP eit billig politisk poeng» følte vi vel at invitasjonen til eit samarbeid om denne saka ikkje hang så høgt. H kom med eit forslag til oss om at ein skulle ha like mykje fokus på alle grupper og meinte det kunne være eit kompromiss. Dette kunne vi ikkje gå inn for då dette hadde teke fokuset vekk frå satsingsområda i helseplanen del 1,  Høgre ville i denne saka ikkje prioritere. Det ville vi ved å likestille eldre og barn/unge som viktige satsingsområder.

Det er sjølvsagt synd med negativ merksemd rundt denne typer saker som er positive for kommunen. Men for Ap var det også viktig å være tydelege på desse politiske signala då Folkehelserådet si oppgåva blant anna er å legge premissar for prioriteringar innan folkehelsearbedet knytt til satsingsområda.

Og det lovar heller ikkje godt for det vidare samarbeidet i bystsyret og spesielt i HSU dersom posisjonen ikkje har vilje til samarbeid og deira agenda er som leiar i HSU uttalte, å unngå å gje Ap " billige politiske poeng", for ein kvar pris.

Høgre får ta ansvar for sin politikk og sine prioriteringar. Så skal vi ta ansvar for vårt!

lørdag 28. januar 2012

Sidemål er ikkje berre nynorsk!

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vurderer å tone ned satsinga på sidemål for å styrkje hovedmålet og satse sterkare på norskfaget.

Og då er det påan igjen.

Marianne Aasen som er leiar i Kirke-, utdannings-, og forskningskomiteen på Stortinget la ut følgande melding på twitter for nokre dagar sidan:

"Norskfaget må revideres på alle måter. Også nynorsk tåler det. Hvorfor gå i skyttergraven så raskt?"

Men det er nettopp fordi ho, som mange andre, går i den fella at dei set erlik tegn mellom sidemål og nynorsk.  Ein kunne også lese i VG at Aasen opnar for å sløyfe karakter og eksamen i NYNORSK! ikkje i sidemål altså. Men NYNORSK. Ikkje rart at vi nynorskbrukarar går i skyttergrava så raskt.

Det irriterar meg grenselaust at kvar gong det vert ein diskusjon om sidemål, så vert det automatisk ein diskusjon for eller imot nynorsk.

Eg er heilt samd i at vi må ta ein runde på norskfaget, men då må også vi alle ha klart for oss at sidemål også kan være bokmål.

AP vil ha meir fokus og innsats retta mot barn og unge si helse!

Folkehelse er eit område som er sett på dagsorden i samband med samhandlingsreforma og ny lov om folkehelsearbeid med verknad frå 01.01.12.  Det er eit område som spenner seg over alle politikkområder, alle samfunnslag og alle aldersgrupper. Og ansvaret ligg no til kommunane i sin heilheit.
Som eit av tiltaka i helseplanen for Flora Kommune vedtok Helse og sosialutvalet tysdag 24 januar å opprette eit folkehelseråd i Flora Kommune.  Folkehelserådet skal være eit rådgjevande organ for folkehelsearbeidet og skal bidra med forslag til å styrke kommunen sitt helsefremjande og førebyggande arbeid. 

 I Flora kommune sin helseplan for 2011-2012 del 1 er det eit gjennomgåande tema at det er trong for å arbeide meir førebyggande og helsefremjande for å betre folk si helse og livskvalitet gjennom systematisk innsats.  Vi veit òg at det i åra 2020 til 2030 vært færre vaksne i arbeidsdyktig alder som skal ta seg av stadig fleire eldre. Dette er eit godt argument for at vi må sette inn fleire ressursar og ha større fokus på at dagens barn og unge skal være i stand til denne oppgåva. Det er ved tidleg innsats ein har moglegheit til å legge grunnlaget for ei god helse heile livet.

Det er sjølvsagt heilt naturleg at det nyoppretta folkehelserådet føl opp aktuelle satsingsområder i  helseplan del 1 som i stor grad har fokus på eldre, men vi meiner også det er viktig å ha eit større fokus på barn og unge si helse. Vi fremma difor i HSU forslag om at folkehelserådet også skulle ha eit spesielt fokus på barn og unge sin psykiske og fysiske helse. Dette vart dessverre nedstemt.

Det vart også hevda i HSU at det ikkje er noko poeng å sette eldre og unge opp mot kvarandre. Og det er vi heilt einige i!  Men no var det heller ikkje AP som gjorde det. Ved å fremje forslag om at folkehelserådet også skulle ha eit spesielt fokus på barn og unge ville vi likestille desse to viktige satsingsområda.

Det vart òg sagt i møtet av utvalsleiar at folkehelserådet skal arbeide på bakgrunn av vedteken helseplan og politiske signal blant anna. Vi registrerar då at posisjonen ikkje ville gje det signalet om at barn og unge også skal være ei prioritert gruppe. Argumentasjonen til administrasjonen og posisjonen om at ein kun skal arbeide med eit avgrensa område i kvar åremålsperiode stemmer ikkje overeins med at folkehelsesatsinga skal synleggjerast på alle nivå i kommunen og at ein skal arbeide systematisk over tid.



Karianne Torvanger, Ann Kristin Takle Winterthun og Maria Hovland Faye, AP sine representantar i HSU  24 januar.

mandag 23. januar 2012

Tidleg ultralyd gir trygghet!

Det har i det siste gått ein debatt om tidleg ultralyd, og det er no klart at stortingsgruppene til både AP og Sv kjem til å gå inn for dette.
Det burde ikkje overraske meg, men det gjer det til ein viss grad likevel at KRF sin fylkesleiar Trude Brosvik rettar sin moralske peikefinger mot dette forslaget. Krf er som kjent imot tidleg ultralyd, og Brosvik grunngjev dette med at ho vil stå opp for dei verdiane som går ut frå eit kristent menneskesyn og fordi ho ikkje kan godta eit sorteringssamfunn. Greitt nok.
Men kven er det som snakkar om soteringssamfunn her? Jo det er nettopp Krf.

Vi som er for tidleg ultralyd brukar ikkje dette som argument. For oss er det tryggheten til kvinner som er gravide som er avgjerande. Når halvparten av norkse kvinner vel å bruke tid og pengar på ein ekstra ultralydundersøkelse, viser det eit følt behov. Vi anerkjenner det behovet som kvinner har for å vite om barnet lever og er friskt.
Ap ønsker at dette skal være eit tilbod til alle kvinner, men det betyr ikkje at ein må ta tidleg ultralyd om ein ikkje vil.

I dag innkalles alle kvinner over 38 år til tidlig ultralyd, er KRF imot det også?
Det slår meg ved denne debatten at KRF legg dette på eit nivå som opnar for å tru at det er omkamp om abortlovgivninga dei vil ha. Men då bør dei også være opne på det! 

Dagane flyr!

Det vert desverre lite tid til blogging for tida. Det skjer så mykje heile tida så det gjeld egntlig bare å henge å henge med i svingane. Og "svingar" er det vist mykje av for tida.

Skal prøve å oppsummere det som har skjedd i det siste:)

Eg og Ann Kristin har vore i avisa igjen for vår interpellasjon til ordførar der vi utfordrar han på arbeidstilhøva i bystyret. Dette er forsåvidt ikkje noke ny sak,  men Firdaposten valgte no å skrive om den igjen. Og i den samanheng meinte journalist Olav Hatlemark at det var greit å kalle oss for Tuppen og Lillmor sidan vi ofte har felles utspel. Ironisk nok i i sak som omhandlar korleis vi omtalar kvarandre!  Det kom riktignok ei beklaging frå lokalavisa i neste utgåve, men det var meir fordi vi hadde reagert på karakteristikken enn at dei hadde gjort noke galt. Det var, må ein vite, i beste meining. Vel vel.  Nokon meinar vi sjølv har bedt om dette, medan andre også reagerar på at dette var useriøst. Vi vel å sjå framover, og kjem nok også til å komme med fleire felles utspel!

Sjå også vår rosablogg: http://www.styreogstil.blogspot.com/  Dei som meinar dette er useriøst fjas, har heilt rett!:)

Eg er også valgt inn i plangruppa for ny helseplan for Flora Kommune. Det er ei stor plangruppe så det er sett ned ein del arbeidsgrupper som skal sjå på ulike områder. Eg skal leie den arbeidsgruppa som skal ha fokus på barn og unge. Dette er veldig interessant og er eit område som eg virkelig brenn for fordi det nettopp i barne og ungdomsåra ein legg grunnlaget for ei god helse resten av livet.
Eg var også delaktig i Flora AUF sin høyringsuttale( les uttalen her: http://flora.arbeiderparti.no/-/bulletin/show/650266_flora-auf-oenskjer-eit-stoerre-fokus-paa-ungdom-si-helse-i-h)

   til den forrige helseplanen  :

 ( https://www.flora.kommune.no/getfile.php/1637264.1866.yfufxpqcbt/Vedteken+HELSEPLAN+DEL+I-+2011-2012.pdf) , der vi kom med innspel at det i neste helseplan må være større fokus på dette.  Difor er det ekstra kjekt at eg no får høve til å følge dette arbeidet tett.

Ellers er valg av trasè for E39 ei aktuell sak for tida. Den vert behandla i Samferdsleutvalet idag og skal behandlast i ekstraordinært fylkesting i slutten av mnd. Igår var heile fylkestingsgruppa og fylkesstyret samla på Skei for å diskutere denne saka. Fleirtalet av gruppa meinar at indre alternativ , altså K10, er det beste alternativet, og det er det vi også kjem til å gå for på fylkestinget. Gruppa vår er fristilt, Torbjørn kjem til å stemme for eit anna alternativ, K4. Medan resten av gruppa stemmer for indre trase.  http://sognogfjordane.arbeiderparti.no/-/bulletin/show/716079_konseptutvalsutgreiinga-for-e39-skei-volda

Dette fylkestinget vert forresten det første papirlause tinget, så det vert spennande å sjå korleis vi håndterar det!

lørdag 14. januar 2012

Spennande framtidsverksted!

Framtidsverksted

I går på fredag den 13 januar var eg og Monica i Oslo på lanseringa av Framtidsverkstad 2029, som er starten på Ap sitt programarbeid.

Som ein del av programprosessen, blir alle medlemmene i Arbeiderpartiet invitert til å kome med sine synspunkter og innspel gjennom nyvinninga Framtidsverkstedet.

Eg og Monica deltok ilag med omlag 60 andre Ap.folk frå heile landet for å lære oss å  bruke verktøyet til å lede desse debattane. Så vi er no herved programdebattleiarar i Sogn og Fjordane.

Så alle medlemmar i Sogn og Fjordane Ap- gled dokke! J

Det var ein utrulig interessann og lærerik dag, men gode innleiingar frå Raymond Johansen og Helga Pedersen blant anna.

For å få litt meir under huda korleis desse verkstedene fungere gjennomførte vi også eitt. Vår gruppe fekk som oppgåve å diskutere temaet: arbeid å leve av. På den måten gjorde vi oss opp nokre erfaringar om korleis ein skal på best mogleg måte kan gjennomføre dette.



Eg gleder meg til å ta fatt på dette spennande arbeidet.
Les meir på Ap sine heimesider: