onsdag 21. september 2011

Høgre bløffar velgarane sine om eigedomsskatt!

Flora Høgre gjekk til val på at dei ville ha forandring i Flora og presenterte 10 punkt som var deira viktigaste saker. Eitt av punkta var at eigedomsskatten skulle trappast ned og fjernast på sikt.

Overraskelsen var difor stor når vi kunne sjå Høgre sin nye ordførar på vestlandsrevyen i går der han sa dei ikkje kjem til å fjerne eigedomsskatten fordi vi har store utfordringar i kommunen og fordi fjerning av skatten vil føre til større problem med å fylle opp krav vi har til omsorg, skule og barnehage blant anna.

Sjå klippet frå Vestlandsrevyen her:
http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/278327/

Høgre sin påtroppande ordførar går altså tilbake på eit av Høgre sine 10 valgløfter FØR han har fått klubba i handa. Jacob Nødseth skriv i ein kommentar til meg på facebook at det er umogleg for Høgre å ta vekk eigedomsskatten med ein gang fordi måten Ap har styrt kommunen på har ført til at kommunen er avhengig av eigedomsskatten og at Høgre har vore overtydelege på dette dei siste 4 åra både i politiske møter og i media.

Dersom Høgre virkelig hadde vore overtydelege på dette burde det også vist igjen i valgløfta. Det gjorde det ikkje.

Flora Høgre er godt kjent med den økonomiske situasjonen til kommunen, og det har ikkje endra seg verken før eller etter valet. Flora Høgre var altså fullt klar over dei utfordringane vi har før dei gjekk til val på å redusere og på sikt fjerne eigedomsskatten.

Det er heller ikkje Ap eller andre parti som har vore med på å bestemme kva politikk Flora Høgre skal gå til val på, så dette må dei kunne ta ansvar for sjølv.

Utfordringa til Høgre er faktisk om dei kjem til å ta ansvar for det dei har sagt dei skal gjere , eller om dei kjem til å fortsette å skylde på Ap. Kommentaren til Nødseth tyder nok på det siste.

1 kommentarer:

  1. Det viser seg gong på gong, det er svært lett å love ting når ein er i opposisjon. Det må vere eit bra nederlag for Høgre når dei ikkje greier å få til det som vel er ein av partiet sine viktigaste saker, skattelette.

    SvarSlett