tirsdag 11. oktober 2011

Fylkespolitikarane tek ansvar for vidaregåande opplæring.

I Sogn Avis kan ein lese om at Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane reagerer kraftig på statsbudsjettet og meinar regjeringa ignorerar elevane.  Les meir her: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5762523.ece

Dei ber difor fylkespolitikarane ta ansvar. Det er fleire tilhøve elevorganisasjonen peikar på. Eg har lyst til å kommentere nokon av dei.

Lena Buvik Hauge, leiar i EO i Sogn og Fjordane, peikar på at betre skulebygg lenge har vore ei prioriteringssak for elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane. Det har det også for fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. Dei siste periodane har vi brukt omlag ein milliard kroner på å ruste opp skulebygga våre. Stryn, Dale, Florø og Sogndal blant anna har fått nye flotte skulebygg. I tillegg må ein også nevne trivselshagen.

Fråfall er også ei prioritert oppgåve for oss. Sjølv om vi statistisk sett har lågare fråfall enn landet ellers, må vi alltid strekke oss for at flest mogleg skal fullføre opplæringa si. Fråfall er eit samansatt problem der det er vanskeleg på peike på ein årsak, så vi arbeidar på fleire områder her. Sogn og Fjordane er også med i Ny GIV satsinga, som skal betre overgangane frå ungdomsskule til vidaregåande og frå vidaregåande og ut i lære.

Nokre elevar vel feil og må velge opp att, det tek vi òg konsekvensen av ved å legge til rette for at vi har elevplassar som skal dekke inn dette behovet. Betre rådgjevningsteneste er også noke vi har fokus på i vårt arbeid. Som nevnt har vi satsa mykje på gode skulebygg som er ein forutsetning for gode skulemiljø. Men vi satsar og på andre tiltak for å auke trivsel. Vi har blant anna innført miljøkoordinatorar på alle skulane og vi har også arbeidslivskontaktar som skal syte for betre kontakt med det lokale næringslivet.

Det er heller ikkje rett at heile 1/3 av yrkesfagelevane i Sogn og Fjordane står utan lærlingplass. Vi arbeidar mykje med dette området så vi klarar å dimensjonere tilbodet rett til tilgjengelege lærlingplassar. Og arbeidet med å formidle lærlingar som ikkje har fått plass skjer kontinuerleg.

Elevorganisasjonen set si lit til at fykespolitikarane viser handlekraft og satser på skule i det budsjettet vi skal vedta om kort tid. Ja det kan eg sei at vi gjer! Vidaregåande opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen, og er den posten som tek mest pengar av det samla budsjettet til fylkeskommunen. For 2011 er det sett av 702 millionar kroner til opplæring.

Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane har også høve til å møte i Hovedutval for opplæring, og har på den måten også muligheit til å komme med innspel til oss direkte i dei sakene vi har til behandling.

Både vi som sit i Hovedutval for Opplæring og elevorganisasjonen har like mål: nemleg ei best mogleg opplæring for elevane våre.

Eg ser fram til vidare samarbeid og god dialog med elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.



Karianne Torvanger, AP

Medlem i Hovedutval for opplæring.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar