Denne helga har det vært fylkesting for ungdom på Leikanger! Fylkesting for ungdom er den viktigaste politiske verkstaden for ungdom, og det er viktig for oss politikarar å være der for å få innspel om saker som ungdom i fylket vårt er oppteken av. Eg har vore til stade på fleire av tingseta. 2 ganger som fylkestingspolitikar, men eg var også med å arrangere det første fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane. Og eg sat også i den første valkomiteen som innstilte Tord Dale som leiar i det første Ungdomspolitiske Utvalet i Sogn og Fjordane. Og det er absolutt noke å være stolt av.
Den viktigaste oppgåva til Fylkesting for ungdom er å ivareta ungdom i fylket sine interesser og å auke samfunnsengasjementet hos unge. Og dei av oss som var der no i helga kan nok skrive under på at dette absolutt er ivareteke. Alle kommunane er inviterte til å sende 2 ungdommar, i tillegg er barne og ungdomsorganisasjonane på fylkesplan inviterte. Desverre var det ikkje alle kommunane som sendte ungdomar til tinget. Det er nok ulike grunnar til at nokre kommunar ikkje har fått dette til, og dette var også noke som ungdommane sjølve var oppteken av å diskutere. Eg sjølv var invitert til å seie noke om rolla til ungdomsråda i kommunane på laurdagen. I Flora er vi gode på ungdomsdemokrati og det var sjølvsagt kjekt å dele av dei erfaringane vi har.
At vi er gode på ungdomsdemakrati kom også godt til syne når vi skulle ta eit bilde av dei frå Florø. Då møtte det opp ein heil gjeng:)
Den flotte gjengen på bildet er bak fra venstre:
Benjamin Heimseth (upu), Dag Henrik Nygård (observatør Ub), Eivind Lystad(observatør fra SU),
Vebjørn Dolve(observatør fra AUF), Markus Dybedal (utsending fra UB), Birgitte Hellesen(4H) og
Adrian anderson Kalsvik(observatør AUF)
Framme frå venstre
meg, Bente Klein (utsending SU),Karina Nybø- (observatør SU)
Åsmund Hordvik (utsending UB), Åshild Kjelsnes- fylkesordfører. Lena Førde(utsending unge Høgre), Vilde Gjethammer(utsending unge Høgre) og Hildegunn Berge(upu).
Benjamin Heimseth blei også valgt til ny leiar av Ungdomspolitisk Utvalg. Gratulerer så masse!!:)

Og om Unge Venstre ikke var til stede i møtet var de nå i hvert fall representert ad omveier fra Flora...tror faktisk ikke Erlend Bø overdriver når han skryter av oss som norgesmester i ungdomsdemokrati!
SvarSlett