onsdag 5. oktober 2011

" Kem e kemunen"? Folkevalgtopplæring i Flora Kommune.

No er 2 dagar med folkevalgtopplæring i Flora Kommune vel gjennomført. Det alltid kjekt og lærerikt med litt påfyll. Eg har vore vara til bystyret i 2 periodar, men no er det min første periode som fast medlem i bystyret i Florø.

Tysdag hadde vi besøk av Greppen( Knut Henning Grepstad, som er sekretæriatsleiar for fylkesordføraren og valekspert), han er vel kjent for å ha greie på det meste. Han ga oss ei innføring i ulike lover vi som kommunepolitikarar må forholde oss til, han var også innom dei ulike rollene våre og korleis tilhøvet mellom administrasjon og politisk nivå bør være.

Det var gjennomgang av møte og delegeringsreglementet, kansje ikkje så veldig sexy, men nødvendig å ha kunnskap om for å opptre rett. Det er faktisk nødvendig at vi som politikarar oppfører oss riktig i møter i dei ulike politiske organa og at vi føl dei same spelereglane.

Flora Kommune er også den 3. største "bedrifta" i fylket, og vi som bystyre er faktisk arbeidsgjevarar for alle dei som er tilsett i Flora Kommune.

Som ny helsepolitikar, var bolken om samahndlingsreforma og kva Flora kommune har gjort veldig interessann. Som vi veit går jo talet eldre opp i åra framover, og det er viktig at ein er forberedt på å møte dei utfordringane det medføre. Samtidig er det også viktig at ein framover klarar å snu fokuset over på meir forebyggande arbeid.

Planar har vi masse av i kommunen, vi har ein oppvekstplan ute på høyring og vi er i gang med ei ny sentrumsplan. Begge desse to område fekk vi innføring i, i tillegg hadde vi også ein bolk om økonomistyring. Og for å sei det sånn så har eg fått eit heilt nytt syn på økonomistyring;)

Eg glede meg til å ta fått på arbeidet som folkevalgt i Flora Kommune. I denne perioden får vi også erfaring med å være i opposisjon, men all erfaring er god å ta med seg på vegen vidare!:)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar