fredag 7. oktober 2011

Kven er i tottane på kven?

Onsdag kveld kunne ein lese på Firda.no at styret i Helse Vest utnevner Trude Brosvik som ny styremedlem i Helse Førde.

Dette falt tydelegvis ikkje i god jord hos den omreisande fylkessekretæren i Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen. Les kommentarfeltet under: http://www.firda.no/nyhende/helse/article5760968.ece

At han er skuffa over at Høgre ikkje får ein styreplass kan ein for så vidt skjønne. Men så går han då altså til åttak på styret i Helse Vest, då spesielt ved Kjartan Longva men han seier også at heile styret i Helse Vest uansett er eit underbruk av raudgrønt styre.

Sekretær i SP, Per Rune Vereide ber med rette om at Myrvollen rettar kritikken mot sine eigne. Les også her: http://www.firda.no/nyhende/article5761953.ece

Styreleiar i Helse Vest er som kjent Oddvar Nilsen , mangeåring sentral tillitsvalgt og respektert stortingsrepresentant frå Høgre. Tru kva han meinar om å bli karakterisert som underbruk av ein fylkessekretær får sitt eige parti?

Eg er faktisk litt usikker på kven Ingvar Myrvollen Torsvik ønsker å ramme, er det Ap? Sitt eige parti Høgre? Eller Trude Brosvik?

Dette utspelet kan tyde på at Ingvar Myrvollen Torsvik har teke for mykje Møllers Tran.

Vel, eg ønsker ihvertfall Trude Brosvik til lukke med vervet.!:)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar