Flora Kommune har av IMDi( Integrerings og mangfaldsdirektoratet)blitt bedt om å busette 35 flyktningar i 2012. I forslag til vedtak som var lagt fram vert det innstilt på 25. Vi tolka det dithen at dette var på grunn av utfordringar med å få tak i nok bustader.
Dette ønsker vi sjølvsagt å rette oss etter, men vi vil også åpne for å busetje fleire flyktningar dersom denne utfordringa lar seg løyse. Vi ville i vårt framlegg til vedtak( som ikkje fekk fleirtal) difor åpne for at kommunen vil busetje minimum 100 flyktningar i åra 2012-2015.
Vi har stor tiltru til at Innvandrersenteret er i stand til å løyse dette på ein best mogleg måte, og vi forstår behovet deira for å kunne planlegge langsiktig innanfor dei rammene som bystyret gjev, og ser ikkje at det skal være nok problem at dei får den fullmakta.
Med Høgre (og Venstre) i posisjon vart det som venta eittårig vedtak om å busetje 25 flyktningar. Det skapar ikkje langsiktige rammer for dei som skal jobbe med flyktningar i kommunen og politisk handlingsrom når det gjeld inkluderande tiltak, og nokre av innlegga til posisjonen bar også preg av mistillit til den jobben innvandrarsenteret gjer.
Denne saka dreier seg ikkje bare om kor mange flyktningar vi skal busetje i kommunen vår i 2012 eller dei neste 4 åra, den handlar om mykje meir enn det!
Fylkesmann Anne Karin Hamre la i forrige veke ut en bloggpost der ho spør om vi er klare for meir mangfold i Sogn og Fjordane.
Fylkesmannen skriv blant anna at vi går glipp av ressursar, mangfald og nytenking om vi ikkje satsar meir på å inkludere innvandrarar som kjem til fylket vårt. Det stille eg meg heilt bak! Men det er også viktig at integreringa skjer på en god måte, det er vi nok alle einige i!
Fylkesmannen viser og til ein programserie som NRK Sogn og Fjordane laga i fjor om innvandrarar og innvandring,der det vart peika på fire barrierar for integrering; mangel på jobb, språkproblem, lite nettverk, og at lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane ikkje synte veldig stor interesse for å bli kjende med innvandrarane.
Det siste har kvar enkelt av oss ansvar for. Resten meinar eg at kommunen kan hjelpe til med. Sv fremma også eit forslag, som vi seinere blei med på om å gjennomføre ei brukarundersøking blant innvandrarbefolkninga for å kartlegge desse barrierane, samt å kartlegge innvandrarane sine eigne forslag til inkluderande tiltak. Dette forslaget fekk også fleirtall med støtte frå Frp.
Vi har og utfordringar med at folketalet veks for lite og at vi har ei uheldig alderssamansetjing. Dette gir oss eit krevjande utgangspunkt når det gjeld å få tak i nok arbeidskraft. Då er det eit lite tankekors at folketalet i kommunen vår ville ha minka med 120 personar i fjor om det ikkje var for innvandring.
For Ap er det viktig å ha høg prioritet på arbeidet med integrering og inkludering av mennesker med ulik bakgrunn, både i skule, i arbeidsliv og i samfunnsliv.
Språk er kansje ein av dei viktigaste forutsetningane for å få til dette, difor vart eg så skuffa når eg las i saksutgreiinga at det er svært få kommunale tenester som vil ha flyktningar i språkpraksis. Dette er ikkje godt nok. Språkpraksis kan være avgjerande for å skaffe seg nettverk, komme seg ut i arbeid og være aktiv på fritida. Då må vi gjere det vi kan for å legge til rette for dette. Flora Ap vil at Flora Kommune skal forplikte seg meir på dette området. Korleis kan vi forvente at det private næringsliv skal ta ansvar om vi ikkje sjølv går foran som eit godt eksempel?? Med støtte frå Frp fekk AP, Sv, Krf og Sp flertal for å få inn eit punkt i vedtaket om at kommunen skal lage ein plan for å opprette fleire språkpraksisplassar i kommunen og i samarbeid med privat næringsliv.
At Høgre stemte som dei gjorde var slett ikkje overraskande,Jacob Nødseth gjekk også langt i å antyde at enkelte i Høgre faktisk ikkje ville busette flyktningar i det heile teke. Men at Venste stemte imot frivillighetssentral som dei har programgfesta, og å busetje einslege mindreåringe er derimot svært overraskande! I denne debatten må eg også sei meg enig med Bente Nilsen Halvorsen om at Frp overraska positivt.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar