Sjekk denne gjengen då;)
Vi hadde ikkje så mange saker til møtet idag, men det var nok greit med ein mjuk start:) Vi starta møtet idag med litt opplæring om opplæring. Sjølv om eg no har 4 års erfaring frå utvalet, er det alltid greit med litt oppfrisking og eg lærte også ein del nytt idag.
Ei av dei store sakene innan opplæring framover er at vi skal vedta eit nytt mål og strategidokument. Vi skulle eigentlig vedta den på fylkestinget no i desember, men vi utsette høyringsfristen til den 31.12. Det betyr ei politisk behandling tidlgast i fylkestinget i mars til neste år. Vi vedtok også på møtet idag å sette i gang arbeidet med ein skulebruksplan. Denne er nødvendig for å tilpasse den vidaregåande opplæringa til den store elevtalsnedgangen vi står overfor. Skulebruksplanen skal etter framdriftsplanen vi har vedteke opp i fylkestinget i mars 2013.
Vi vedtok også ein avtale mellom fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap. Bakgrunnen for denne saka var å få meir føreseielege rammer for løyvinga frå fylkeskommunen til UE.
Den saka som eg hadde størst forventning til i møtet idag var saka om styrking av skulehelsetenesta. Det er ei sak som eg har arbeida med sidan juni 2009. Det kompliserte i saka er at det er kommunane si oppgåve å drive skulehelseteneste, og fylkeskommunen kan ikkje utan vidare overta ei kommunal oppgåve. Det er likevel viktig for AP å være pådrivarar for at elevane i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane skal ha ei god skulehelseteneste. Evalueringar har vist at det er store skilnadar i denne tenesta på dei ulike skulane, og vi har gjennom vedtaka våre sørga for at skulane har årlege dialogmøte med vertskommunane for å avklare forventningar, få fram behova og å innfå forpliktande avtalar. Det er også viktig å sjå skulehelsetenesta i eit folkehelseperspektiv og saka i dag fekk også fram andre ulike satsingar som har innverknad på helsa til elevane som td miljøkoordinator, kantiner, folkehelsegrupper osv.
Heldigvis gjekk ikkje utvalet innfor vedtaket som låg frå fylkesdirektøren om å ikkje sette i verk nye tiltak for å styrke skulehelsetenesta. Vi vedtok å invitere til eit drøftingsmøte med kommunane med tema skulehelseteneste/folkehelse, samt at fylkesdirektøren skulle skulle orientere utvalet om dei årlege møta mellom skulane og vertskommunane. For meg er det viktig å fortsette å følge opp denne saka, og i framtida vil også forebyggande arbeid bli meir og meir viktig. Eg skal nok innrømme at eg er litt utolmodig i denne saka og skulle ønske vi hadde kome lenger. Men vi har komt nokre små skritt vidare og eg trur nok fortsatt det er eit stykke igjen til ei meir tverrsektoriell tankegang rundt dette området. Vi er på veg!

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar