Dette kunne sjølvsagt ikkje vi i AP være med på. Og heldigvis gjekk eit samla utval inn for å ikkje auke prisane. Dette er rett og slett ei gladsak for ungdom i fylket vårt!:)
Her er pressemeldinga vi sendte ut dagen før møtet:
AP varslar kamp mot prisauke på ungdomskortet!
Hovedutval for samferdsle, den 29 november, skal ein behandle ei sak om takstar og rabattar for rutedrifta i 2012. I framlegg til vedtak foresler fylkesdirektøren å auke prisen på ungdomskortet frå kr 350 til kr 370 pr mnd. Dette kan ikkje Ap være med på å vedta.
Ungdomskortet er ei ordning som gjer til at ungdom mellom 16 og 19 år fritt kan reise kollektivt innan heile fylket, mot å betale eit fast beløp kvar mnd. Dette er også den tyngste satsinga vi har pr i dag retta inn mot skysstilbod for ungdom. Når ungdomskortet vart innført var prisen 250 kr, stort sett har denne prisen auka kvart år. No meinar vi smertegrensa er nådd!
Fylkesdirektøren vil ikkje auke bussprisanane med den grunn at ein ønskjer å behalde dei kundane ein har i dag. Men ho ønskjer altså å auke prisen på eit tiltak retta mot ungdom! Vi meinar at argumenta for å ikkje auke bussprisane også gjeld for ungdomskortet .
Det høyrest ikkje ut som den store summen, men blir nesten som «Kiwi» Si reklame: «Ei krone her og ei krone der.» I 2010, blei det kjøpt inn 12 637 oblat til ungdomskort i Sogn og Fjordane. Dette viser at dette er ei godt nytta ordning. Med ein prisauke på 20 kr pr oblat vil ungdom i fylket vårt si lommebok bli støvsugd for ca 250 000 kr meir.
Ap har programfesta at vi ikkje skal auke prisen, og dette kjem vi også til å fronte på møtet i morra.Sogn og Fjordane satsar store ressursar på kollektivtibod for ungdom, og det meinar Ap at vi skal fortsette å gjere. No meiner vi også at det er på tide at lærlingane får studentrabatt på kollektive reiser. Vi kjem til å be om at det vert lagt fram ei sak på dette.
Sjå pressesekning:
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar