tirsdag 22. november 2011

Mennesker i krise skal ikkje ut på anbod!

I dag behandlar Helse og sosialutvalet i Flora Kommune sak om krisesenterløysingar for 2012. Vertskommuneansvar.

Det er lagt fram eit forslag til framlegg i 3 punkt frå administrasjonen.

1.      Flora Kommune godkjenner avtalen til samarbeidsavtale mellom kommunane i fylket og vertskommune.

2.      Flora kommune vil ivareta rolla som vertskommune ved å kjøpe krisesentertenestene frå ideelle organisasjonar.

3.      I samsvar med reglane i lov om offentlege anskaffelsar vert det lyst ut konkurranse blant ideelle organisasjonar.

Denne saka byggjer på at ein ny lov om kommunale krisesentertilbod som lovfestar at kommunane skal ha eit krisesentertilbod. Politikarar i heile fylket er opptekne av at stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane skal drive vidare. Dei same intensjonane hadde stortingspolitikarane då dei arbeidde med den nye krisesenterlova, krisesentertilbodet måtte ikkje forvitre.

KS satte ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på denne saka, og som har kome med tilråding til korleis kommunane skal handtere denne saka. Vi meinar dei kjem med til dels uklare og upresise tilrådingar.

Det vert altså tilrådd å lyse krisesentertilbodet ut på anbod. Det vert framheva at det er eit krav om konkurranseutsetjing, men Flora Ap kan ikkje sjå at det er belegg for denne påstanden. Det herskar i dag klare fråsegner om at krisesentera er unnateke lov om konkurranseutsetjing. Både professor ved UIO Hans P Graver og Kai Kruger ved UIB er sterkt tvilande til om krisesentera kjem innanfor lov om offentleg anskaffing. I eit samanliknbart tilfelle ser vi at Nav kjøper tenester for 1 mrd. frå attføringsbedrifter, og at det er presisert frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet at dei unnateke lov om offentleg anskaffingar. 

Poenget med å anbodutlysing er eit best mogleg tilbod for eit minimum av pengar for eit definert innhald.  Det er og klare retningsliner for tildeling av anbod, noko som betyr at med ein gong ein lyser ut eit anbod så har ein ikkje lenger kontroll. Om ein opererer i ein marknad  med berre ein tilbydar vil prinsippet om konkurranseutsetjing  vere meiningslaust. Med mindre ein ønsker å skape ein konkurranse. Og det ser ikkje AP nokon grunn til.

Sogn og Fjordane har eit krisesenter lokalisert i Florø sidan 1985. Senteret er drive av stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane og har vore finansiert av ein statleg del og kommunane. Frå leigelokale i starten har ein i dag eit heilt nytt bygg som tilfredsstiller krav til blant anna funksjonshemma.  Ein har og fått på plass eit tilbod for menn slik lova pålegg kommunane å tilby.Tilbodet har vore eit lågterskel tilbod og senteret har fått ein svært høg grad av tillit, ikkje berre blant brukarar, men og blant folk flest.

Vil ein ha det tilbodet som eksisterar i dag så vil det vere unaturleg å anbodsutsette krisesentertilbodet! Her har nokon altså lagt opp til ein prosess som sår tvil om det arbeidet og den kompetansen som krisesenteret har bygd opp sidan dei starta opp i 1985. Det kan ikkje Ap akseptere.

Ein legg i saka også til  grunn at administrativt vertskommunesamarbeid vert valgt som organisasjonsmodell for krisesentertilbodet.  Det betyr i praksis at dei folkevalgte organa gjev frå seg ansvaret til administrativt nivå utan at dei har instruksjons eller omgjeringsmyndigheit.

Det er viktig å være klar over. Og i den retning saka dreg no er eg ikkje så sikker på om det er riktig.

Sjølv får eg ikkje være med å behandle saka i HSU i dag fordi eg er heime med sjukt barn. Men Ann Kristin og Jarle er klare for å tale vår sak!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar