mandag 7. november 2011

Opplæring og synfaring!

Som tidlegare nemt er eg jo valgt inn i Helse og sosialutvalet i bystyret i Flora Kommune. Dette er eit interessant saksområde, men det er nok ikkje det saksområdet eg har mest kunnskap om. Læringskurva vert difor bratt. Eg fekk dessverre ikkje med meg det aller første møtet då det kollliderte med møte i fylkestinget.

Men fredag var eg altså på mitt første møte og  i dag har eg vore med det nyvalgte HSU på synfaring til dei ulike tenestene vi har ansvaret for. Begge desse to dagane har hatt opplæring i fokus!

Fredag fekk vi orientering frå Krisesenteret ved styreleiar Siv Førde og dagleg leiar Wenche Hovden. Krisesenteret i Sogn og Fjordane som er lokalisert i Florø vart starta i 1986 og er eitt av dei best fungerande krisesentra i landet. Etter ei ny lov no er det lovfesta at alle kommunar skal ha eit krisesenter tilbod. Litt av det som blei presentert som ei utfordring er korvidt ein må lyse krisesentertilbodet ut på anbod eller om ein ikkje treng det. Alle kommuane i fylket unnateke Aurland vil kjøpe tilbod av Flora Kommune. Og Flora Kommune avgjer sjølv om ein vil drifte tilbodet sjølv eller om ein vil kjøpe desse tenestene av andre, altså Krisesenteret. Ved å lyse ut på anbod er det sjølvsagt alltid ei fare for at ein får inn andre aktørar sjølv om ein skulle begrense anbodet til kun å gjelde idèelle lag og organisasjonar.  For meg er det viktig at vi ikkje gjer noke som sler beina under det tilbodet og den kompetansen som Krisesenteret har bygd opp sidan dei starta.

Vi fekk også orientering om NAV ved tenesteleiar Unni Furnes. Ho trekte og fram ein del utfordrignar sett fra deira ståstad som blant anna:høg arbeidsledighet, etablert rusmiljø, tilgang til bustader og ungdom som fell utanfor vidaregåande utdanning.

I dag har vi altså vore på synfaring. Vi starta i Eikefjord med heimeteneste i Eikefjord på allhuset med orientering og omvisning. Deretter bussa vi ut igjen til Florø og til Furuhaugane Omsorgssenter.  Vi var også innom Sunnnfjord Medisinske Senter, Miljøhuset, Verna bustad/Skridsholsgate og til slutt Flora Omsorgssenter.

For ei førstereisjente innan området har det vore svært nyttig å reise rundt å sjå på tenestene og eg har lært mykje om det. Det er ingen tvil om at det er eit spennande område, og det er ingen tvil om at her også er utfordringar som eg håpar eg kan være med å løyse.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar