Kvar november legg fylkesdirektøren fram ei sak om opplæringstilbodet for neste år. I går vedtok vi kva skular som skal få lyse ut dei forskjellige opplæringstilboda for skuleåret 2012-2013.
Som vanleg hadde administrasjonen gjort ein god jobb, og lagt fram eit godt grunnlag til oss. Innspela vi får i denne saka fortel oss at dette er noke som engasjerar mange, og som er viktig. Både for skulane, næringslivet, lokalsamfunna og elevane.
Det var spesielt to grupper det hadde kome mange innspel på.
Det eine var VG2 Kjøretøy ved Stryn VGS. Den var i forslaget ikkje foreslått lyst ut fordi det er overkapasitet innan det opplæringsprogrammet og det er pr no elevar som står utan lærlingplass som skal til med eit VG3 løp i skule. Vi ønskjer likevel å ta innspela til bransjen på alvor og gjorde følgande vedtak som var samrøystes:
HO tek signala frå bransjen vedkommande VG2 Køyretøy ved Stryn VGS på alvor. Vi vil også presisere at sjølv om tilbodet ikkje vert lyst ut for skuleåret 2012-2013, så er det ikkje nedlagt. HO vil vudere å lyse ut tilbodet for skuleåret 2013-2014 om intensjonsavtaler om lærlingplassar er på plass.
Det låg også som forslag i saka å lyse ut VG2 helsefagarbeidar ved Øyrane VGS i kombinasjon med VG2 helseservicefag. Dette etter innspel frå Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. I forrige utlysingssak var dette tilbodet teke ut frå Øyrane VGS på grunn av overkapasitet, og ein vedtok at dette tilbodet skulle lysast ut på skulane i Florø, Dale og i Høyanger- etter inntak viser det at desse gruppene nesten er fult opp, men at det er eit par ledige plassar. På Øyrane VGS fekk dei lyst ut ei heil gruppe helseservicefag, og i inneværande år er det ei oppfylling på 117 % i den gruppa.
På bakgrunn av den priotiteringa vi gjorde sist, ved å lokalisere VG2 Helsefagarbeidar , meinte vi det ikkje var riktig i denne omgang å lyse dette tilbodet ut ved Øyrane VGS. Vi fremma difor forslag om å ikkje lyse ut dette tilbodet og auke opp helsefagservice til ei heil gruppe ved Øyrane VGS. Dette fekk vi fleirtal for ilag med Høgre og Venstre.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar