No er vi nettopp ferdig med første dag på desembertinget. Vi har delt ut fleire prisar idag.
Fylkeskulturprisen gjekk til Kari og Claus Kvamme.
Prisen for Idèrike Bydgesamfunn gjekk til Viksdalen Bygdelag
Grunderpris for ungdom gjekk til Videonor med Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud.
Gratulerar til dei alle:)
Fylkesprdførar Åshild Kjelsnes holdt også sin første tale til det nyvbalgte fylkestinget. I talen sin var ho blant anna innom kor viktig det er å samarbeide når vi skal utvikle fylket. Heile talen kan du lese her:
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/($All)/0EF01A39BFA01FD2C125796500391182?OpenDocument
Etter talen frå fylkesordførar vart det opna for debatt og mange var innom framtidsutsikter og folketalsutvikling. Eg nytta då høvet til å kommentere dette i mitt innlegg og var innom kor viktig det er å satse på ungdom. Å satse på ungdom er å satse på framtida, er kansje eit velkjent uttrykk. Men det er likevel mykje meining i det. For oss i AP er det nettopp ei prioritert oppgåve å satse på ungdom og legge til rette for at dei trivast i fylket vårt. Vi har vore pådrivarar for mange gode ungdomssatsingar som fylkesordføraren også var innom i si tale. Eg måtte også nevne at fylkestinget også har ansvar for å stimulere til godt ungdomsdemokrati. Det er viktig at ungdom får høve til å uttale seg om sin eigen kvardag, og eg meinar at rappoerten får forrige Fylkesting for Ungdom er god lesnad. Eg skulle sjølvsagt ønske at fleire av fylkestingspolitikarane er til stades på fylkesting for ungdom, fordi eg trur det kan være positivt for begge partar. Fylkestinget fekk idag utdelt rapport for forrige Fylkesting for ungdom og eg oppfordra sjølvsagt alle til å lese den!
Sjølvsagt måtte eg også innom dette med bruk av sosiale medier. Det er viktig å være på den arenaen som unge er, og det er svært gledeleg av fylkeskommunen no er både på facebook og twitter. Det kjem seg!:) No har eg også frå fylkestingets talarstol utfordra Åshild til å også få seg twitterprofil:)
Eg og Ole Gunnar Krakhellen vart også intervjua idag av NRK om nettopp bruk av twitter under tingsetet. Vi er eit par stykk frå fylkestinget som er flinke til dette. Trude Brosvik, Alfred Bjørlo og Arve Helle driv også med slikt:)
Jamfør tala frå fylkesordførar Åshild om å samarbeide gjekk sakene radig unna idag. Samrøystes vedtak i alle saker lovar godt for perioden. Idag har vi behandla regional planstrategi, grunnlovsjubileet, tilsetting av fylkesrådmann, løying til fylkesjubileet i 2013, avtale mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Ungt Entreprenørskap, Endring av lånevilkår til Lutelandet utvikling og endringar i budhsett for 2011.
Einaste saka som står igjen til i morra er budsjett for 2012 og økonomiplan for 2012-2015.
Må forresten også nevne min sidekamerat Torbjørn Vereide som var god på talarstolen idag der han snakka om både felles ungsomskort og ungt enteremørskap.
Siste innlegg filma eg, så du kan jo sjå sjølv:)
https://www.facebook.com/karianne.torvanger?ref=tn_tnmn#!/photo.php?v=10151029757485048&set=vb.786640047&type=2&theater
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar