Det vert desverre lite tid til blogging for tida. Det skjer så mykje heile tida så det gjeld egntlig bare å henge å henge med i svingane. Og "svingar" er det vist mykje av for tida.
Skal prøve å oppsummere det som har skjedd i det siste:)
Eg og Ann Kristin har vore i avisa igjen for vår interpellasjon til ordførar der vi utfordrar han på arbeidstilhøva i bystyret. Dette er forsåvidt ikkje noke ny sak, men Firdaposten valgte no å skrive om den igjen. Og i den samanheng meinte journalist Olav Hatlemark at det var greit å kalle oss for Tuppen og Lillmor sidan vi ofte har felles utspel. Ironisk nok i i sak som omhandlar korleis vi omtalar kvarandre! Det kom riktignok ei beklaging frå lokalavisa i neste utgåve, men det var meir fordi vi hadde reagert på karakteristikken enn at dei hadde gjort noke galt. Det var, må ein vite, i beste meining. Vel vel. Nokon meinar vi sjølv har bedt om dette, medan andre også reagerar på at dette var useriøst. Vi vel å sjå framover, og kjem nok også til å komme med fleire felles utspel!
Sjå også vår rosablogg: http://www.styreogstil.blogspot.com/ Dei som meinar dette er useriøst fjas, har heilt rett!:)
Eg er også valgt inn i plangruppa for ny helseplan for Flora Kommune. Det er ei stor plangruppe så det er sett ned ein del arbeidsgrupper som skal sjå på ulike områder. Eg skal leie den arbeidsgruppa som skal ha fokus på barn og unge. Dette er veldig interessant og er eit område som eg virkelig brenn for fordi det nettopp i barne og ungdomsåra ein legg grunnlaget for ei god helse resten av livet.
Eg var også delaktig i Flora AUF sin høyringsuttale( les uttalen her: http://flora.arbeiderparti.no/-/bulletin/show/650266_flora-auf-oenskjer-eit-stoerre-fokus-paa-ungdom-si-helse-i-h)
til den forrige helseplanen :
( https://www.flora.kommune.no/getfile.php/1637264.1866.yfufxpqcbt/Vedteken+HELSEPLAN+DEL+I-+2011-2012.pdf) , der vi kom med innspel at det i neste helseplan må være større fokus på dette. Difor er det ekstra kjekt at eg no får høve til å følge dette arbeidet tett.
Ellers er valg av trasè for E39 ei aktuell sak for tida. Den vert behandla i Samferdsleutvalet idag og skal behandlast i ekstraordinært fylkesting i slutten av mnd. Igår var heile fylkestingsgruppa og fylkesstyret samla på Skei for å diskutere denne saka. Fleirtalet av gruppa meinar at indre alternativ , altså K10, er det beste alternativet, og det er det vi også kjem til å gå for på fylkestinget. Gruppa vår er fristilt, Torbjørn kjem til å stemme for eit anna alternativ, K4. Medan resten av gruppa stemmer for indre trase. http://sognogfjordane.arbeiderparti.no/-/bulletin/show/716079_konseptutvalsutgreiinga-for-e39-skei-volda
Dette fylkestinget vert forresten det første papirlause tinget, så det vert spennande å sjå korleis vi håndterar det!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar